STORD - EIT NORGE I MINIATYR

Når du kjem til Stord, vert du overraska. Du trur kanskje at det er ei forblåst kystøy. Slike stader finn du også, men mykje meir. Du finn lune vikar, skog, fjell, sjø og den spanande bykjerna Leirvik.

Rundt øya finn du ein skjergard med om lag 220 større og mindre øyar. Det er gode tilhøve for friluftsliv og båtliv. Det er bygd mange titals kilometer med skogsvegar som gjer det lett å ta seg fram i utmarksområda. Skjergarden rundt Stord, med fjordar, bukter, øyar og hav, gjer at båtfolket trivst godt. Det er gode gjestehamner og oppankringsplassar.

Dersom du er heldig, opplever du det berømte blå lyset over fjella innover Hardangerfjorden.

Namnet Stord meiner dei kjem av ordet “gronæm”, dvs. fruktbar jord. Stordøya ligg på nordsida av innlaupet til Hardangerfjorden. Øya er om lag 298 km 2 , fordelt på dei to kommunane Stord og Fitjar som utgjer nordenden av øya. Om lag 13 km 2 er dyrka mark, resten er utmark med skog, vatn og snaufjell. Den høgaste fjelltoppen er Mehammersåta med sine 748 meter over
havet. Øya er svært fruktbar, med rik vegetasjon og stor variasjon. Stord har om lag 19.000 ibuarar, ca. 10.000 av desse bur i/kring bykjernen Leirvik, om lag 4.500 i/rundt Sagvåg og om lag 3.500 i Fitjar kommune.

På Stord er det eit rikt og variert kulturliv, med over 300 ulike lag og organisasjonar. Særleg sterkt står song- og musikklivet, samt ulike idrettsaktivitetar.

Kystbyen Stord har eit godt utbygd tilbod innan handel og service. Du finn alt, frå små og spanande butikkar som sel kunst og handverk, til store kjøpesentra.

Kyststamvegen E-39 går over Stord. Det er åtte ferjesamband mot alle nabokommunane – Austevoll, Os, Tysnes, Kvinnherad, Ølen, Sveio og Bømlo. Hurtigbåtar trafikkerer strekninga Stavanger-Bergen, med Leirvik som eit viktig trafikknutepunkt der lokale hurtigbåtar korresponderer. Stord Lufthamn er ein godt utbygd flyplass med gode rutesamband mot Oslo, Gardermoen.

Fra 2001 ble det enda lettere å reise rundt i Sunnhordlandsregionen. Da åpnet det nye trekantsambandet som bind sammen Stord og Fitjar med fastlandet i sør (2000) og naboøya Bømlo. (2001) Trekantsambandet består av to bruer mot vest og Nordeuropas lengste undersjøiske tunnel til fastlandet i sør. Desse øykommunane med vel 34.000 innbyggjarar, var tidligere det største øysamfunnet i Noreg utan vegsamband til fastlandet. Vegprosjektet bind idag saman Sunnhordland og Nord-Rogaland, og er ein viktig del av Kyststamvegen.

Sekundærnæringane – industri, handverk, anlegg og transport, sysselset om lag 50% av arbeidsstokken på Stord.

Jordbruk og fiske utgjer i dag under 1% av dei sysselsette. Men jordbruk og skogbruk er viktig når det gjeld å bevara kulturlandskapa. Mjølkeproduksjon og husdyrhald, saman med skogbruk, er dominerande i jordbruksproduksjonen.

Busetnaden på Stord er svært gamal. Det er gravrøyser frå stein- bronse- og jernalderen. Stord er nemnd i Noregshistoria, m.a. var det sjøslag mellom baglerane og birkebeinarane ved strendene mellom Hystad og Eldøyane. Kong Håkon Magnusson (den gode) fall i slaget på Fitjar i år 961 e.Kr. Jordbruk var hovudnæringa på Stordøya heilt fram til siste verdskrigen. Skipsbygging har lange tradisjonar. Det er funne tufter etter slik aktivitet heilt attende til om lag år 500 e.Kr. Gruvedrift/bergverksdrift har også vore drive i mange hundre år, slik som kalk, kopar, marmorbrott og ikkje minst svovelgruve. Stordøkisgruber 1868 – 1968 – hadde på det meste inntil 400 tilsette. Etter krigen og framover har me hatt ei eventyrleg industriutvikling. Med sildolje, skipsbygging og offshoreindustri, som den dominerande industri.

Både Stord og nabodistriktet er rik på historiske plasser og kultur interesser. Fra Stord når en i løpet av kort tid Haugesund, Kvinnherad, Bømlo og Bergen.

Stord har ein ung befolkning. Barnehagetilbodet er godt utbygd, både i privat og kommunal regi. Det er 7 barneskular og 2 ungdomsskular. Den vidaregåande skulen på Stord har dei fleste liner, allmennfag, yrkesfag, estetiske fag, idretts-line og musikkline. Høgskulen på Vestlandet avd. Stord har lag 1000 studentar som tek pedagogiske fag og sjukepleie-utdanning. Til høgskulen er det knytt to bustader – stiftingar som leiger ut rimelege studenthyblar. Høgskulen på Vestlandet avd. Stord, utdannar ingeniørar og driv ei omfattande kursverksemd. Innan Stord kommune er det eit rikt og variert kulturliv, med over 300 ulike lag og organisasjonar. Særleg sterkt står song- og musikklivet og ulike idrettsaktivitetar.

Stord har god infrastruktur,
• Kulturhuset på Leirvik har m.a. stort bibliotek, teaterscene, kino, kunsthall, konserthall og symjehall.
• Vikahaugane Idrettspark er eit flott fleiridrettsanlegg, med fotball-bane, handballbanar, friidrettanlegg, racket-anlegg,
klatrevegg, turnanlegg osb.
• Prestagardsskogen idrettspark er m.a. spesialanlegg for funksjonshemma, skyteanlegg, golfanlegg og rideanlegg.

Det er også fleire andre idrettsanlegg rundt om i kommunen, med skytebanar, motorcrossbane o.a., Det er lysløyper både i Landåsen, i Prestagardsskogen og på Lundarstølen (skiløype). Det er gode tilhøve for friluftsliv og båtliv. Det er bygd mange titalskilometer med skogsvegar som gjer det lett å ta seg fram i utmarksområda.

Skjærgarden rundt Stord med fjordar, bukter og hav gjer at båtfolket trivst godt. Det er gode hamner og oppankringsplassar. Gjestehamn med service er det i Leirvik, Sagvåg og Nord Huglo.

Stord har eit rikt utval av utestader, kafear, pubar, barar og restaurantar.

Kystbyen Stord har eit godt utbygd tilbod innan handel og service. Du finn alt frå små og spanande butikkar, som sel kunst og handverk, til vinmonopol og store kjøpesentra både på Leirvik, Heiane og i Sagvåg. Det er ulike konsulentfirma, advokatkontor, offentlege kontor og institusjonar som t.d. Fylkessjukehuset.